Levd liv i Sunnhordland

Evenemangsinformation

Velkomen til kurs og minnesamling på Stord 29-31. august 2019!

Munnleg historie er systematisk innsamling, arkivering og formidling av munnlege kjelder og munnleg kulturarv.  Sunnhordland Museum og Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie - samarbeider om eit kurs og to dagar med intervjuopptak i slutten av august 2019. 

Alle interesserte er velkomne til å delta.  Kursdagen blir fredag 30. august, kl 10 - 17.  Så sant dei som skal intervjuast seier ja til det, kan kursdeltakarane også vera med på intervjuopptak torsdag 29 og laurdag 31. august. 

Målgruppene for arrangementet er fyrst og fremst tilsette ved museet og aktive medlemmer av Stord sogelag, Bømlo tur- og sogelag, Austevoll sogelag, Moster sogelag, Kvinnherad sogelag, Etne sogelag og Tysnes sogelag.  Men også andre - profesjonelle eller frivillige - som ynskjer å læra litt og utveksla erfaringar om arbeid med munnlege kjelder, er velkomne. 

Kurset fredag 30. august: 

Kursleiarar: Bjørn Enes frå Memoar og Johanne Øvstebø Tvedt frå museet. 

10:00    Velkomst - presentasjonsrunde 

10:30    Om prosjektet Munnleg historie for alle  og visjonen om minnesamling i Noreg generelt og Sunnhordland særskilt.

11:15   Pause

11:30    Om intervjuet - litt om etikk og litt om teknikk - og magien i den gode samtalen

12:15    Lunsj

12:40    Etterarbeidet : Feltdagbok, innhaldslogg, etisk vurdering, redigering.

13:30    Pause

13:45    Arkivering - Memoar.no i prosessen, Minner.no for evigheten. Om forankringa i Norsk Folkeminnesasmling 

14:30    Pause 

14:45    Idéar og planar om korleis profesjonelle og frivillige kan samarbeida om den munnlege kulturarven i Sunnhordland.  

15:30    Slutt på formell kursdel 

15:45 - 17: Uformell kursdel. Gjennomsyn av eit av intervjuoppptaka frå dag 1. Idé-storming om formidling og vidare innsamling. 

historie
kulturarv
lokalhistorie