Minnesamling med video - Arendal

INFORMACJE O IMPREZIE

Kurs og praktisk trening med innsamling, dokumentasjon, arkivering/avlevering og formidling av munnleg historie. 

Stad: Aust-Agder museum og arkiv, Avd. KUBEN, Parkveien 16 i Arendal, mandag 2. mars til onsdag 4 mars 2020. (OBS: Interessa for dette kurset er stor. Viss det blir fullteikna, vil det bli arrangert eit nytt kurs i Agder seinare våren 2020) 

  • Mandag 2/3-2020: Intervjuopptak, med høve for kursdeltakarane til å vera med som observatørar eller medintervjuarar.  Særleg oppmoding om at kursdeltakarar som har planar om å utvikla seg som intervjuar blir med. Minimum eit intervju, maksimum 9 intervju. (Fleksibiliteten er slik: Frå Memoar har vi med utstyr til tre parallelle opptak. Erfaringsmessig tar kvart intervju mellom 60 og 120 minutt, pluss litt førehands- og etterprat.  Vi i Memoar har gode erfaringar med at ein av oss gjer eit intervjuopptak med kursdeltakarane som observatørar. Deretter gjer kursdeltakarar intervjuopptak med oss som assistentar. Slik kan vi gjera opp til sju intervjuopptak innanfor ein vanleg arbeidsdag. (Vi tar gjerne ei kveldsøkt i tillegg)
  • Tirsdag 3/3-2020: Kurs - heile dagen. Vi brukar eit av intervjua frå dag 1 som eksempel på å gå gjennom etikk, avtalestruktur,  intervjuteknikk, verdien av munnlege kjelder, infrastruktur for arbeidsdeling, etterarbeid (logging, tekstsamandrag, emneordslister),  arkivering, avlevering, deling og eventuell publisering, munnleg historie som råstoff - produksjon av utdrag til utstillingar etc. Kurset vil gi eit oversyn over fagfelt og arbeidsprosess. For deltakarane  vil det gi godt grunnlag for eige arbeid med logging, tekstsamandrag og bruk av munnlege kjelder - det som oftast er flaskehalsen for eit museum eller eit historielag som samlar munnleg kjeldemateriale. 
  • Onsdag 4/3-2020: Praktisk arbeid med etterarbeid på opptaka frå dag 1, eventuelt nye intervjuopptak. For Memoar vil det også vera eit mål å avtala vidare samarbeid.  
memoar
historie
lokalhistorie
video

Restrykcje

Ingen