Minnesamling med video - Utvandrermuseet 21/9-19

INFORMACJE O IMPREZIE

Memoar, foreninga "Øyas venner", Utvandrermuseets venneforening og Norsk Utvandrermuseum samarbeider om kurs i minnesamling på Utvandrermuseet på Åkershagan i Ottestad laurdag 21. september 2019. 

Kurset passar for alle som er interesserte i nær historie, arbeid med munnleg kjeldemateriale og munnleg kulturarv.  Forkunnskapar trengst ikkje - men kurset er også verdfullt for profesjonelle museumsfolk og historikarar. 

Dagen før og dagen etter kurset (fredag 20. og søndag 22. sept) skal Memoar og Utvandrarmuseet starte innsamling av munnleg kjeldemateriale frå folk i Innlandet som tok del i kvalfangsten i sør-ishavet og deira familiar. Deltakarar på kurset er velkomne til å delta som observatørar, medintervjuarar eller intervjuarar også under desse interjuopptaka (så sant dei som skal intervjuast seier ja til det) 


Kursprogram:

Kursleiarar: Bjørn Enes og Ola Aas frå Memoar

10:00    Velkomst - presentasjonsrunde 

10:30    Om prosjektet Munnleg historie for alle  og visjonen om minnesamling i Noreg generelt og Innlandet særskilt. Og om intervjuserien om kvalfangarar frå Innlandet. 

11:15   Pause

11:30    Om intervjuet - litt om etikk og litt om teknikk - og magien i den gode samtalen 

12:15    Lunsj (Inkludert i deltakaravgifta) 

12:40    Etterarbeidet  Feltdagbok, innholdslogg, etisk vurdering, redigering. Behovet for frivillige i dokumnetasjonsarbeidet. 

13:30    Pause

13:45    Arkiveringen - Memoar.no i prosessen, Minner.no for evigheten. Om forankringa i Norsk Folkeminnesasmling 

14:30    Pause 

14:45    Idéar og planar om korleis profesjonelle og frivillige kan samarbeida om den munnlege kulturarven i Innlandet.  

15:30    Slutt på formell kursdel 

15:45 - 17: Uformell kursdel. Planlegging av kvalfangarintervju dei to neste dagane - og andre intervjuseriar i Innlandet. 

Les meir på nettsida http://innlandet.memoar.no 

memoar
historie
historielag