Minnesamling med video - Porsanger

Arrangementsinformasjon

Kurs og praktisk trening med innsamling, dokumentasjon, arkivering/avlevering og formidling av munnleg historie. 

Stad: Stabbursnes og Mearrasiida/Sjøsamisk Kompetansesenter i Billavuotna/Indre Billefjord
Tid: 27.-29. januar 2020. I samarbeid med Mearrasiida.

Mandag 27/1, Stabbursnes : Intervjuopptak, med høve for kursdeltakarane til å vera med som observatørar eller medintervjuarar:

  • Kl. 10:00 - 12:00: Intervjuopptak (inntil tre parallelle opptak). (Tema: Levd liv, med fokus bl.a. skole, internat, fornorsking, tvangsevakueringa og etterkrigstid ).
  • Kl. 12:00 - 12:30: Fellessamling - kort erfaringsutveksling om intervjuopptaka
  • Kl. 12:30 - 13:00: Lunsj 
  • Kl. 13:00 - 15:00: Intervjuopptak (inntil tre parallelle opptak) 
  • Kl. 15:00 - 16:00: Fellessamling. Avslutting av intervjusekvensar og "etterprat" 

 Særleg oppmoding om at kursdeltakarar som har planar om å utvikla seg som intervjuar blir med på dag 1.

Tirsdag 28/1: Mearrasiida: Kurs - heile dagen

  • 10:00 - 11:30: Om intervjuet og intervjusituasjonen. Etikk og opphavsrett - avtale om bruk. Spørjelister og/eller fri forteljing.  Særtrekk ved munnlege kjelder og munnleg kulturarv. "Magien" i den gode samtalen. 
  • 11:45 . 12:30: Teknikk/infrastruktur og arbeidsprosess: Oversyn og demonstrasjon av utstyr og digitale hjelpemidler. 
  • 12:30 - 1:00: Lunsj
  • 13:00 - 14:30: Om etterarbeid og formidling: Feltdagbok. Dokumentasjon av innhald i redigert fyrsteversjon (logg og samandrag). Emneordlister. Presseetikk. Markering av "gullkorn" til bruk i forteljingar og stubbar. Publiseringsavtale. Opplasting til Minner.no 
  • 14:45 - 15:30  Formidling: QRkoding, YouTube, digitale applikasjonar - bloggar, presentasjonar og nettsider. Forteljarpanel. "Vidareforedling".
  • 15:30 - 16:30: Munnleg kulturarv i Porsanger: Idear til vidare arbeid.

Onsdag 29/1: Stabbursnes: Praktisk arbeid med etterarbeid på opptaka frå dag 1, eventuelt nye intervjuopptak.

Detaljane i opplegg for dag 3 blir avtalt i oppsummeringsdelen av dag 2. I utgangspunktet er forslaget slik:

  • 09:00 - 11:00: Dokumentasjon. Praktisk trening med logg og tekstsamandrag av intervjuopptak frå dag 1 (gruppevis arbeid) 
  • 11:00 - 11:30: Kort plenumssamling med erfaringsutveksling. 
  • 11:30 - 12:00: Lunsj. 
  • 13:00 - 15:00: Avlevering og formidling. Opplasting til Minner.no. Klipp av utdrag (stubbar). Utdrag i PowerPoint-presentasjon. Blogginnlegg med videostubb. QR-kode i utstilling eller på interessepunkt. mm. 
  • 15:00 - 15:30: Avslutting - idear til vidare arbeid - kursevaluering.  

Overnatting/praktisk

Overnatting: 
Vi leiger ei eller to store hytter på Stabbursnes, omlag midtveis mellom Lakselv og Indre Billefjord (16 km. frå Lakselv, 20 km. frå Billefjord, 90 km. frå Karasjok, 290 km. frå Vadsø, 136 km. frå Havøysund og 155 km. frå Alta). Kvar av hyttene har fire rom med to køyer i kvart. Dei vil kosta ca. 800,- pr. rom pr. natt: http://www.stabbursdalenlodge.no/.

Deltakarar som er interessert i å dela på desse romma melder frå seinast onsdag 22/1 kl. 12.  Send epost til post@memoar.no eller ring Bjørn Enes på tlf.: 41516745.

Praktisk gjennomføring:
Me tar sikte på å lage maten sjølve, som spleiselag, og bruke tida utanom arbeidet til uformelt samvær. Mandag og onsdag skal vi arbeide med intervjuopptak og etterarbeid på intervjuopptak. Det skal skje på Stabbursneset eller heime hos dei som skal intervjuast.

Sjølve kursdagen blir på tirsdag. Den skal me truleg gjennomføra på Mearrasámi/Sjøsamisk Kompetansesenter i Indre Billefjord (alternativt er å gjera det også på Stabbursneset).

Vel møtt! Vi ser fram til spennande dagar i Billefjord!

Medarrangørar: 

 IKAF (Interkommunalt arkiv Finnmark



Beste hilsen Barbro og Bjørn.

memoar
historie
lokalhistorie
video