Minnesamling med video - Gudbrandsdal

Arrangementsinformasjon

Kurs og praktisk trening med innsamling, dokumentasjon, arkivering/avlevering og formidling av munnleg historie. 

Stad: Innovasjonssenteret i Ringebu, onsdag 19 - fredag 21 februar 2020.  Kurset og treningsdagane er eit samarbeid mellom Memoar, Gudbrandsdalsmusea, Gudbrandsdal Historielag og Opplandsarkivet. Alle interesserte kan delta.

Onsdag 19/2 2020: Intervjuopptak, med høve for kursdeltakarane til å vera med som observatørar eller medintervjuarar:

  • Kl. 09:00 - 11:00: Intervjuopptak (inntil tre parallelle opptak). (Tema: Levd liv. med særleg fokus fjell. reiseliv, hytte- og utmarksliv).
  • Kl. 11:00 - 11:30: Fellessamling - kort erfaringsutveksling om intervjuopptaka
  • Kl. 11:30 - 12:00: Lunsj 
  • Kl. 12:00 - 14:00: Intervjuopptak (inntil tre parallelle opptak) 
  • Kl. 14:00 - 15:30: Fellessamling. Avslutting av intervjusekvensar og "etterprat" 
  • Ca. 15:30: Slutt for dagen 

 Særleg oppmoding om at kursdeltakarar som har planar om å utvikla seg som intervjuar blir med på dag 1.

Torsdag 20/2 2020: Kurs - heile dagen

  • 09:00 - 10:30: Om intervjuet og intervjusituasjonen. Etikk og opphavsrett - avtale om bruk. Spørjelister og/eller fri forteljing.  Særtrekk ved munnlege kjelder og munnleg kulturarv. "Magien" i den gode samtalen. 
  • 10:45 . 11:30: Teknikk/infrastruktur og arbeidsprosess: Oversyn og demonstrasjon av utstyr og digitale hjelpemidler. 
  • 11:30 - 12:00: Lunsj
  • 12:00 - 13:30: Om etterarbeid og formidling: Feltdagbok. Dokumentasjon av innhald i redigert fyrsteversjon (logg og samandrag). Emneordlister. Presseetikk. Markering av "gullkorn" til bruk i forteljingar og stubbar. Publiseringsavtale. Opplasting til Minner.no 
  • 13:45 - 14:30  Formidling: QRkoding, YouTube, digitale applikasjonar - bloggar, presentasjonar og nettsider. Forteljarpanel. "Vidareforedling".
  • 14:30 - 15:30: Munnleg kulturarv i Gudbrandsdal: Idear til vidare arbeid.

Fredag 21/2-2020: Praktisk arbeid med etterarbeid på opptaka frå dag 1, eventuelt nye intervjuopptak.

Detaljane i opplegg for dag 3 blir avtalt i oppsummeringsdelen av dag 2. I utgangspunktet er forslaget slik:

  • 09:00 - 11:00: Dokumentasjon. Praktisk trening med logg og tekstsamandrag av intervjuopptak frå dag 1 (gruppevis arbeid) 
  • 11:00 - 11:30: Kort plenumssamling med erfaringsutveksling. 
  • 11:30 - 12:00: Lunsj. 
  • 13:00 - 15:00: Avlevering og formidling. Opplasting til Minner.no. Klipp av utdrag (stubbar). Utdrag i PowerPoint-presentasjon. Blogginnlegg med videostubb. QR-kode i utstilling eller på interessepunkt. mm. 
  • 15:00 - 15:30: Avslutting - idear til vidare arbeid - kursevaluering.  
memoar
historie
lokalhistorie
video