Memoarkonferansen 2019

Arrangementsinformasjon

"Det samles inn nok av tall og fakta. Det vi mangler er et minnenes depot." Skreiv professor Knut Kjeldstadli i januar 2018. Eit drøyt år etter, har mykje hendt i arbeidet med å samla, dokumentera, bevara og formidla munnleg kjeldemateriale. På Memoarkonferansen i Bergen 1. og 2. mars 2019 skal "minnesamlarar" frå heile landet visa litt av det som skjer. Og drøfta kva som må til for å sikra den munnlege kulturarven. 

Sjå oppdatert program på www.Memoarkonferansen.no

Frå programmet: 

- Knut Kjeldstadli, historikar, professor emeritus 

- Bente Gullveig Alver, folklorist, professor emeritus

- Marie Smith-Solbakken, historikar, professor ved Universitetet i Stavanger,

- Dag Hundstad, historikar, leiar av Institutt for Lokalhistorie

- Efraim Kanestrøm, frivillig minnesamlar og prosjektmedarbeidar i Memoar

- Anne Marie Kollhus, frivillig minnesamlar i Nesbyen Historielag,

- Siri Linn Brandsøy, visuell antrolpolog, Solund, prosjektmedarbeidar i Flora Historielag,

- Synnøve Solbakk, seniorrådgjevar i Finmarkkommisjonen, samlar munnleg kjeldemateriale om utmarksrettar

- Marianne Nystad, avdelingsleiar Tingvoll Musuem    

- Anne Heimo, folklorist, professor i Turku, Finnland. Styremedlem i International Oral History Association

- Line Esborg, folklorist, fagansvarleg for Norsk Folkeminnesamling,

- Audun Kjus, etnolog, leiar av Norsk etnologisk gransking,

Sjå oppdatert program på www.memoarkonferansen.no 

Konferansen startar med registrering fredag 1. mars kl. 11. i Bergen offentlige bibliotek. Program til kl. 17:30

Fredag kveld er alle deltakarane inviterte til samvær og god gamaldags lapskaus i bibliotekskafeen "Amalies Hage"

Laurdag varar programmet frå kl 09:00 til 15:00.

Deltakaravgifta inkluderar lunsj begge dagar og lapskaus fredag kveld.

memoar
historie
folkeminne
folkloristikk
immateriell
kulturarv