Medlemskap i Memoar 2018

Arrangementsinformasjon

Som medlem i Memoar i 2018, vert du ein av pionerane i arbeidet med å bygga opp ein frivillig organisasjon og eit profesjonelt nettverk for munnleg historie i Noreg. Ambisjonen vår er at vi som lever no skal bli dei fyrste generasjonane som legger etter oss munnlege livsforteljingar i masseomfang. 

Som medlem får du redusert eller ingen pris på kurs og Memoarkonferansen. Du får tilgang til erfaringsutvekslingr og lån av utstyr, arkivplass og rettleiing i arbeidet med innsamling, dokumentasjon, arkivering og bruk av munnleg historie. 

Memoar starta i Bergen i 2015, og hovudkontoret ligg i Bergen. Ambisjonen er å bygga organisasjonen ut i heile landet, i nært samarbeid både med frivillige og profesjonelle. Me er ein del av Landslaget for lokalhistorie.

Les meir om Memoar og det arbeidet som pågår på nettsida vår, www.memoar.no

oralhistory
kulturminnevern