Kurs: Dokumentasjon av munnleg historie, Bergen 27/11

Arrangementsinformasjon

MEMOAR  er ein norsk organisasjon for munnleg historie (oral history) som arbeider for å ta vare på og dele munnleg kjeldemateriale om vår tid. Vi samarbeider med frivillige og profesjonelle minnesamlarar i heile landet, historielag, kulturvern, musé, bibliotek og arkiv, forskarar og frilansarar. Vårt syn er at alle har ei forteljing å dela - og at alle skal ha rett til gi forteljingar vidare til samtid og framtid.

MUNNLEG HISTORIE er opptak av munnlege forteljingar frå "tidsvitner" om vår tid. Det som skiller eit artig opptak frå eit beveringsverdig kjeldemateriale er om det er DOKUMENTERT.

Slikt etterarbeid - "logging" - er det mest tidkrevande og på mange måter den viktigaste delen av arbeidet med munnleg historie. Det er også svært interesssant!

Sjå meir om korleis dette foregår her: www.memoar.no/samlar/logg

Memoar bygger nå eit nettverk av frivillige "loggarar" - personar som vil engasjera seg i denne forma for frivillig kulturarbeid. Fyrste kurs går i Bergen 27/11, kl. 17.00 i Bergen sentrum.

Gjennom kursettermiddagen vil vi arbeida med eitt intervjuopptak. Vi skal LOGGA - det vil sei laga ei stikkordliste med tidskodar som viser innhaldet. Så skal me vurdera etikk, og blinka ut sekvensar som eignar seg for bruk i formidling. Til sist skal me skriva eit tekstsamandrag.

Alle interesserte er velkomne til å vera med. Takka vere midler frå #SparebankstiftelsenDNB er dette kurset gratis.

Tidsplan
17:00* Opning
Velkomst
Presentasjonsrunde
Logging
Etikk - kva kan loggast - loggar sitt ansvar
Kunsten å definera “perler på ei snor”
Logging av eksempel
Publisering på Memoar.no og avlevering til Folkeminnesamlinga gjennom Minner.no
Vidare planar og evaluering.
20:00* Slutt

Det blir enkel servering.


Alle har ei forteljing å dele

loggekurs