Kurs - Minnesamling med video i Vest-Finnmark

3. og 4. september: Kurs om munnleg historie (oralhistorie) i Vest-Finnmark:
Alta Museum skal vera vertskap for kurset "Minnesamling med video" mandag 3. september. Hovedmålgrupper for kurset er museumstilsette og historielagsmedlemmer, men andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie er også velkomne. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinare om kvelden 3/9 og heile tirsdag 4/9 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også.
Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no) Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder både i musé og i det frivillige historiearbeidet.
Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Alta Museum - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar, Audun Kjus frå NEG og Line Esborg frå Folkeminnesamlinga.
Sjå detaljar her: Krafttak.Memoar.no/Vest-Finnmark
Intervjuopptaka mandag kveld må foregå i Alta. På tirsdag 4/9 kan dei flyttast til Hammerfest, avhengig av kva som passar best for dei som skal intervjuest. (Det kan også bli aktuelt med eit opptak i Hammerfest om morgonen onsdag 5/9)
Både deltakarar og andre er velkomne til å foreslå intervjuobjekt - viktige kjelder til den nære historia i Vest-Finnmark.
Kursavgifta på 300 kr. inkluderer lunsj. Deltakarar som melder seg inn i Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, får kurset gratis. Innmelding her