Kurs - Minnesamling med video i Troms

Arrangementsinformasjon

6. og 7. september: Kurs om munnleg historie (oralhistorie) i Harstad: 

Sør-Troms Museum skal vera vertskap for kurset "Minnesamling med video" torsdag 6. september. Hovedmålgrupper for kurset er museumstilsette og historielagsmedlemmer, men andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie er også velkomne. Sjølve kurset går frå kl 10:15 til 17:15 (slik at det passar med hurtigbåten nordfrå). 

Seinare om kvelden 6/9 og heile fredag 7/9 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også.

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no)  Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder både i musé og i det frivillige historiearbeidet. 

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Sør-Troms Museum - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar, Audun Kjus frå NEG og Line Esborg fra NFS. 

Sjå detaljar her: Krafttak.Memoar.no/Troms

Det er ein stor fordel om dei som skasl intervjuast kan koma til Harstad / Trondenes Historiske Senter, men viss særskilte grunnar tilseier det kan me flytta opptaksstad på fredagen.  

Både deltakarar og andre er velkomne til å foreslå intervjuobjekt - viktige kjelder til den nære historia i Troms.  

Kursavgifta på 300 kr.  inkluderer lunsj. Deltakarar som melder seg inn i Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, får kurset gratis. Innmelding her (Etter avtale med STMU kan tilsette i SørTroms Museum melda seg på som Memoarmedlemmer)

oralhistorie
museum
historie
intervjutrening