Kurs - Minnesamling med video i Bø, Telemark

Arrangementsinformasjon

9. og 10 januar 2019: Kurs om munnleg historie (oralhistorie) i Telemark:

Telemark Historielang og historiestudiet ved Universitetet i Sørøst-Norge samarbeidspartnarar når kurset "Minnesamling med video" skal arrangerast i Bø, Telemark onsdag 9. januar. (Det blir også eit halvdagskurs i Porsgrunn dagen før - les om det her

Hovedmålgrupper for kurset er historielagsmedlemmer, studentar, museumstilsette og andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinare om kvelden 9/1 og heile torsdag 10/1 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også. 

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no)  Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder, både i musé, forsking og i det frivillige historiearbeidet. 

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Telemark Historielag og USN Bø - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar og  Audun Kjus frå NEG 

Sjå detaljar her: Krafttak.Memoar.no/Telemark

Intervjuopptaka onsdag kveld må foregå i Bø. Det beste er om dei som skal intervjuast også kan koma dit på torsdag 10/1, men om naudsynt kan opptaksutstyret flyttast til andre stader i nærleiken.

Både deltakarar og andre er velkomne til å foreslå intervjuobjekt - viktige kjelder til den nære historia i Telemarek. Send forslag til post@memoar.no  

Kursavgifta vil vera 150,- kroner. Lunsj på kursdagen må kjøpast utanom - eller deltakarane må ta med matpakke.  Studentar ved USN historie og deltakarar som melder seg inn i Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, får kurset gratis. Innmelding her


oralhistorie
muntligfortelling
historie
museum