Kurs - Minnesamling med video i Sogn og Fjordane

Arrangementsinformasjon

9. og 10 november: Kurs om munnleg historie (oralhistorie) i Sogn og Fjordane:

Det er ikkje endeleg avklart kven som blir vertskap når kurset "Minnesamling med video" skal arrangerast i Florø fredag 9. november. Hovedmålgrupper for kurset er museumstilsette og historielagsmedlemmer, men andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie er også velkomne. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinare om kvelden 9/11 og heile laurdag 10/11 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også. 

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no)  Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder, både i musé og i det frivillige historiearbeidet. 

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Orkla Industrimuseum - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar og  Audun Kjus frå NEG 

Sjå detaljar her: Krafttak.Memoar.no/SognOgFjordane

Intervjuopptaka fredag kveld må foregå i Florø. Det beste er om dei som skal intervjuast også kan koma dit på laurdag 11/11, men om naudsynt kan opptaksutstyret flyttast til andre stader i Sunnfjord

Både deltakarar og andre er velkomne til å foreslå intervjuobjekt - viktige kjelder til den nære historia i Sogn og Fjordane. Send forslag til post@memoar.no  

Kursavgifta på 300 kr.  inkluderer lunsj. Deltakarar som melder seg inn i Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, får kurset gratis. Innmelding her

oralhistorie
muntligfortelling
historie
museum