Kurs - Minnesamling med video i Porsgrunn

Arrangementsinformasjon

Arrangementet i Porsgrunn er eit samarbeid med Norsk Industriarbeidermuseum og Porsgrunn bibliotek. Hovudarrangementet  er eit ettermiddagskurs om munnleg historie. Målgruppa er tilsette i musé, bibliotek og arkiv, aktive historielagsmedlemmer og andre som er interesserte i arbeid med munnleg kjeldemateriale. Det kjem til å bli eit særleg fokus på industri- og jernbanehistorie under dette arrangementet, men også folk med andre hovudinteresser vil ha utbyte av det. 

Før sjølve ettermiddagskurset er planen å gjennomføra ein fullstendig prosess med eit industrihistorisk intervju. Kujrsdeltakarar som har tid og høve til det, er velkomne til å vera observatørar under det arbeidet. Forteljaren (intervjuobjektet) frå førmiddagsøkta blir invitert til kurset om ettermiddagen for å vera med å diskutera med sine erfaringar frå å bli intervjua. 

Les meir på http://krafttak.memoar.no/porsgrunn 

historie
oralhistory
memoar