Kurs - Minnesamling med video i Oppland

Arrangementsinformasjon

8. og 9. oktober: Kurs om munnleg historie (oralhistorie) iOppland: 

Maihaugen skal vera vertskap for kurset "Minnesamling med video" mandag 3. september. Hovedmålgrupper for kurset er museumstilsette og historielagsmedlemmer, men andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie er også velkomne. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinare om kvelden 8/10 og heile tirsdag 9/10 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også. 

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no)  Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder både i musé og i det frivillige historiearbeidet. 

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Maihaugen - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar og  Audun Kjus frå NEG 

Sjå detaljar her: Krafttak.Memoar.no/Oppland

Intervjuopptaka mandag kveld må foregå på Lillehammer. Det beste er om dei som skal intervjuast også kan kom til Maihaugen på tirsdag 9/10, men om naudsynt kan opptaksutstyret flyttast til andre stader i Oppland.

Både deltakarar og andre er velkomne til å foreslå intervjuobjekt - viktige kjelder til den nære historia i Vest-Finnmark. Send forslag til post@memoar.no  

Kursavgifta på 300 kr.  inkluderer lunsj. Deltakarar som melder seg inn i Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, får kurset gratis. Innmelding her

oralhistorie
muntligfortelling
historie
museum