Kurs - Minnesamling med video i Buskerud

Arrangementsinformasjon

10. og 11. oktober: Kurs om munnleg historie (oralhistorie) i Buskerud: 

Hallingdal Museum på Nesbyen skal vera vertskap for kurset "Minnesamling med video" mandag 3. september. Hovedmålgrupper for kurset er museumstilsette og historielagsmedlemmer, men andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie er også velkomne. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinare om kvelden 10/10 og heile torsdag 11/10 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også. 

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no)  Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder, både i musé og i det frivillige historiearbeidet. 

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Hallingdal Museum - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar og  Audun Kjus frå NEG 

Sjå detaljar her: Krafttak.Memoar.no/Buskerud

Intervjuopptaka onsdag kveld må foregå på Nesbyen. Det beste er om dei som skal intervjuast også kan koma dit på torsdag 11/10, men om naudsynt kan opptaksutstyret flyttast til Ål eller andre stader i Buskerud.

Både deltakarar og andre er velkomne til å foreslå intervjuobjekt - viktige kjelder til den nære historia i Buskerud. Send forslag til post@memoar.no  

Kursavgifta på 300 kr.  inkluderer lunsj. Deltakarar som melder seg inn i Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, får kurset gratis. Innmelding her

oralhistorie
muntligfortelling
historie
museum