Kurs - Minnesamling med video i Aust-Finnmark

Arrangementsinformasjon

31. august og 1. september: Kurs om munnleg historie (oralhistorie) i Varangerbotn: 

Varanger Samiske Museum skal vera vertskap for kurset "Minnesamling med video" fredag 31. august. Hovedmålgrupper for kurset er museumstilsette og historielagsmedlemmer, men andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie er også velkomne. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinere om kvelden 31/8 og heile laurdag 1/9 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også. 

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no)  Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder både i musé og i det frivillige historiearbeidet. 

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Varanger Samiske Museum - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar, Audun Kjus frå NEG og Line Esborg fra NFS. 

Sjå detaljer kursprogram her: Krafttak.Memoar.no/Aust-Finnmark

Intervjuopptaka fredag kveld må foregå i Varangerbotn. På laurdag 1/9 kan dei gå både i Varangerbotn og andre stader i Aust-Finnmark - avhengig av kva som passar best for dei som skal intervjuest. 

Både deltakarar og andre er velkomne til å foreslå intervjuobjekt - viktige kjelder til den nære historia i Aust-Finnmark.  

Kursavgifta på 300 kr.  inkluderer lunsj. Deltakarar som melder seg inn i Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, får kurset gratis. Innmelding her

oralhistorie
museum
historie
intervjutrening