Kurs - Minnesamling med video i Agder

Arrangementsinformasjon

11. og 12 januar 2019: Kurs om munnleg historie (oralhistorie) i Agder

VestAgdermuseene vert truleg hovudsamarbeidspartnar når kurset "Minnesamling med video" skal arrangerast i Agder fredag 11. januar, men endeleg avtale er ikkje gjort og kursstad er ikkje bestemt. 

Hovedmålgrupper for kurset er museumstilsette og historielagsmedlemmer, men andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie er også velkomne. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinare om kvelden 11/1 og heile laurdag 12/1 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også. 

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no)  Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder, både i musé og i det frivillige historiearbeidet. 

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Industriarbeidermuseet - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar og  Audun Kjus frå NEG 

Sjå detaljar her: Krafttak.Memoar.no/Agder

Intervjuopptaka fredag kveld må foregå på same stad som kurset. Det beste er om dei som skal intervjuast også kan koma dit på laurdag 12/1, men om naudsynt kan opptaksutstyret flyttast til andre stader i Agder

Både deltakarar og andre er velkomne til å foreslå intervjuobjekt - viktige kjelder til den nære historia på Sørlandet. Send forslag til post@memoar.no  

Kursavgifta på 300 kr.  inkluderer lunsj. Deltakarar som melder seg inn i Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, får kurset gratis. Innmelding her

oralhistorie
muntligfortelling
historie
museum