Memoarkonferansen 2020

EVENT INFORMATION

VELKOMMEN til

MEMOARKONFERANSEN 2020


Arrangørane av dei to tidlegare konferansane om minnesamling og munnleg historie
har gleda av å invitera til ny konferanse i Bergen fredag 13. og laurdag 14. mars 2020.
Lokalet er ikkje heilt avklart - på grunn av ombyggingar på Bergen Off. Bibliotek
kan konferansen bli flytta til Bergen Byarkiv i Kalfarveien 82.

Hovudtema:

Personvern og ytringsfridom

I arbeid med munnleg historie «konkurrerar» fleire etiske regelverk – frå presseetikken,via museums- (ICOM) og arkivetikken til forskingsetikken. Og bakom tonar Lov om personvern og GDPR. Av alle spenningane i dette feltet, vil me i 2020 fokusera for eksempel desse:

Kven eig ei livsforteljing? Og kven eig eit opptak av ei livsforteljing?
Kven har rett til å bestemma korleis slike opptak kan brukast?
Kva er likt og kva er ulikt – etisk sett – mellom skriftleg og munnleg kjeldemateriale?
Er det god etikk å transkribera, anonymisera og sletta munnleg kjeldemateriale?
Kva er eit informert samtykke i delingskulturens tid?
Finst det noko slikt som eit «kollektivt minne» - og er det verd å dokumentera? 

Sjå programoppdateringar på www.memoarkonferansen.no

Tema 2:

Munnleg historie i 2020

Alle som arbeider med innsamling, dokumentasjon, arkivering, forsking, formidling og/eller «vidareforedling» av munnleg historie er velkomne til å melda inn presentasjonar. Vi vil setja saman eit program som viser nokre av dei viktige og spennande prosjekta som pågår innan munnleg og immateriell kulturarv akkurat nå.

Meld inn prosjekt snarast råd og absolutt seinast 20. desember 2019 til post@memoar.no.

MemoarUiB/Kulturvitskap Bergen ByarkivBergen Off. Bibliotek

VIL DU BLI MEDLEM?

memoar
kulturarv