Bergen: Kurs om intervjuopptak i studio

EVENT INFORMATION

"Bydelene forteller": I samband med Bergens 950-årsjubileum samarbeider Memoar, Amatørkulturrådet og ei rekke historielag og andre organisasjonar i Bergen med å samla inn, dokumentera og formidla munnleg historie.  Fyrste del av den prosessen handlar i praksis om å gjera intervjuopptak med primærkjelder til dei ulike bydelane si nyare historie - til "manns minne". Eit svært nyttig redskap i det arbeidet er intervjustudioet som Bergen Off. Bibliotek har etablert i hovedbiblioteket ved Bystasjonen og Bergen Storsenter. 

Dette kortkurset handlar om: 

- Korleis bestiller du time i intervjustudio? 

- Korleis startar du opp maskineriet, stiller inn kamera og kontrollerar lyden? 

- Nokre enkle tips om sjølve intervjuopptaket: Korleis startar du - og kva er dei mest grunnleggande tipsa for gode intervjuopptak?

- Korleis sikrar du at opptaket blir lagra - og korleis får du tak i det etterpå? 

Dette studiokurset er ein av tre modular som Memoar tilbyr historielag og andre i Bergen denne våren. Dei andre modulane er: 

- Det viktige etterarbeidet: Logging (dokumentasjon) og redigering

- Utandørsopptak / opptak av vandringsruter 

- Formidling av munnleg kulturarv. 

Studiokurset er gratis - Memoar gjer instruksjonsarbeidet på frivillig basis.

Vi vil forsøke å få avklart med Bergen 950 at deltakarane vil kunne få støtte til ei mindre kursavgift til dei andre kursa. 

Alle kurs blir annonserte på www.bergen950.no 

Alle er velkomne til å delta - men det er berre plass til ti personar i slengen i Bibliotekstudio. 

Spørsmål? Skriv til post@memoar.no 

memoar
bergen950